Sidemeny+

Mår

Posted on 26. apr 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Måren har okkupert ein ugleholk.

Måren er eit skumringsdyr som er lite ute midt på dagen. Han er sky og vanskeleg å observere. Dette dyret tek nok mange fugleungar i hekkesesongen. Han er og ein trussel for ekorna som han også har på menyen.

Plassering i kart

Måren er ikkje så blodtørstig som mink, røyskatt, oter og snømus, men den er eit viktig rovdyr i det økologiske samspelet i naturen.

Sjølv om paringa skjer i juli-august, startar ikkje fosterutviklinga før i januar. Dei fleste mårdyr har såkalla forseinka innplanting. 2-4 ungar vert fødde i februar/mars i eit innhola tre eller andre holrom.

Måren likar ikkje sterk kulde, eller å bli våt. Då legg den seg inn i eit innhola tre, eit ekornreir eller ei hole og ventar på betre ver.

Måren likar mus, hare, ekorn, fugl, bær og sopp. Den er glad i søtsaker, og fangsfolk har brukt honning og anis-olje til å lokke den til fellene.

Mår kan ha lange vandringar. Den kan vere borte i 14 dagar til ein månad, og kan vandre 6 mil på ei natt. Normalt held den seg innafor eit bestemt revir, som den markerar med luktkjertelen som alle mårdyr har ved halen.
Måren kan bli 15 år gamal
Lyd: Måren kan knurre og bjeffe litt.

Spor og sporteikn
Det kan vere vanskeleg å få sjå dyra, men du kan ofte sjå spor etter dei.
Ved å kjenne dyra sine spor og sporteikn, kan vi finne ut mykje om korleis dei lever.
Spor etter føtene på dyret kan fortelje deg kva for eit dyr som har gått der.Spora er særleg lette å sjå om vinteren når det er snø.
Etter at dyret har ete, kan du ofte sjå spor etter måltidet. Det kan vere matrestar som ligg på bakken eller gnagemerke på kvistar eller trestammar.
Du kan også sjå på bæsjen kva slags dyr som har vore der.
Mest typisk for mårspora er dei parallelle hoppa. Desse spora kan berre forvekslast med minken sine spor, men minkspora finn ein som regel i nærleiken av vatn.

Ekskrement: 8-10cm lange, tjukk som ein veslefinger, spiralsnodd og spiss i eine enden. Ganske god lukt!

Nattdyr
Måren jaktar helst om natta og nyttar høyre- og luktesansen sin når han skal finne eit bytte. Om dagen kviler han ofte i hole tre eller gamle hakkespetthol. Måren er ein flink klatrar og er ein av dei farlegaste fiendane til ekornet. Han har langstrekt kropp, korte føter og buskete hale.
Røyskatt og mår har flott pels og mange set opp feller for å fange dei.
Fangst på røyskatt og mår kan berre gå føre seg til visse tider av året. Kva trur du er årsak til det?

CC BY-NC 4.0 Mår av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Niklas Alander Austrheim 8b 2006