Sidemeny+

I basketak med bjørnen

Posted on 18. apr 2005 by in Dyreliv

Foto: Håkon Haukøycbn

Bergkrossen ved Kleivevatnet

I hammerslaget der Kolgrovvegen tek av frå vegen til Hyllestad, kan ein få auge på ein kross om lag ein meter over torva.Du kan nok undra deg litt over kvifor krossen har kome der, for han markerer ikkje noka grense eller grensemerke.
Men om opphavet til denne krossen kunne han Karl i Garden fortelje denne soga.

Plassering i kart

Bjørneangrep på gravid kvinne

Dette hende på den tid då bjørn ikkje var noko sjeldsynt dyr på våre trakter.
Ein dag kom ei kvinne gåande langs vegen mot Hyllestad.
Denne kvinna skulle ha barn, og det var ikkje lenge til ungen var ventande.

Ville ha fosteret levande

Medan ho gjekk der, kom ei binne heilt uventa mot henne, og det var ikkje tvil om at mora skulle verte offer for bjørnelabben. Men det hadde seg slik, i alle fall vert det hevda at mange forståsegpåarar, at bjørnen ville ha fosteret levande og ale det opp saman med sine eigne ungar som snart var ventande. Difor vart det ikkje eit krafig basketak straks, men bjørnen drog kvinna bort til nokre olderrunnar,og byrja der å grave ei grav.

Bjørnen må lurast

For mora var dette siste sjansen til berging.
Kvar gong binna stod med nasen i molda og grov, tok mora av seg varleg plagg for plagg og kledde på olderkjerret så det sistpå likna ein menneskeskapnad, og kvar gong bjørnen såg opp, vart han roa av kledeplagga som hang der.
Ved eit høve greidde kvinna å lure seg vekk, men sinnet til bjørnen var ikkje til å styre då han oppdaga kva som hadde hendt. Olderkreksa, lyng og mose vart kasta rundt i villskap, men gode makter hadde altså gjort sitt til at menneskeliv vart sparde.

Takk til høgare makter

I takksemd for det fekk mora nokon til å slå inn krossen i berghammaren, og i dag kan denne krossen vere ei lita påminning om det hardbalne livet som kvar dag var ein røyndom for menneska i grendene våre for nokre mannsaldrar sidan.

CC BY-NC 4.0 I basketak med bjørnen av andre_lund er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: André Lund/Håkon Haukøy - 2005
Kjelder: Munnleg informasjon frå: Myklebust Karl, Hyllestad kommune, Haukøy Håkon, Hyllestad kommune, "Heim og skule" - nr. 2, 1988
Kommune: Nygard