Gravensteinsgata
Langs Gravensteingata i Sogndal har det ikkje alltid vore kjøpesenter, posthus, kulturhus og politistasjon. Du trenger ikkje å gå så langt tilbake før du finn den siste eplehagen.
Plassering i kart
Sogndal er største eplekommunen i Sogn og Fjordane med 920 daa. totalt.
Og til tross for at over 40 prosent av eplearealet i Sogn og Fjordane er planta før 1985.
Gravensteinsgata i seg sjølv er heller ikkje så gammal. Før gjekk hovudvegen nede i fjøra, men vart i 1955 flytta lenger opp, til Gravensteinsgata. Det var mange planar om å leggje hovudgata nede i «neiste-fjøra» men vart tilslutt lagt der han ligg no.
Vegingenøren knudsen kom med eit forslag i 1930 om å leggje hovudgata opp til Gravenstein. Den gongen var det ikkje noko stemning for denne idéen i Hovudstyret.
Planane vart ikkje invilga før i 1953.
Grunnen til at hovudgata vart lagt lengre opp var at det vart kortare veg gjennom sentrum. Dette var kort tid før loftesnesbrua kom. Det var rundt denne tida straumen kom.
Gardane som hadde epler her før var Eigdegard, Hovegard, Hovslundsgard, Prestegarden og Årevolgard som låg på begge sider av gravensteinsgata.
Der som Politihuset og Rimi ligg no var Hovegard før. Denne garden forsvann ikkje før så seint som på midten av 1990-talet, ettersom Politihuset sto ferdig i 1999.
Akkurat der kulturhuset ligg i dag, var det også ein eplehage. Kulturhuset sto ferdig i 1997, men grunnmuren var bygd fleire år i forvegen. Grunnen til at kulturhuset ikkje sto ferdig før var av økonomiske årsaker.
Eplehagene er grunnlaget til namnet gata har fått. Nemlig Gravenstein, som var eplene som vart dyrka for det meste på gardane.
Der Sogningen Storsenter ligg i dag var det først eplehagar, deretter kom K-senteret på 1970/80-talet og Aabergbygget (der Narvesen ligg i dag). No er alt dette bygd i hop i Sogningen.
- På bilete ser me eit planleggjingskart over korleis politikarane ville ha det i sogndal, slik vart det ikkje.
- Gravensteinsgata ca. 1980.
Gravensteinsgata av albertineaaberge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.