Frå liten til størst
Historia bak Lerum fabrikken som ligg på kaien i Sogndal, starta for omlag 100 år sidan på ein gard i Luster.
Plassering i kart
Det heile starta i 1905 då Kari Hansdotter Ørbech og Nils Hansson Lerum bygde seg hus på Sørheim i Luster. Kjellaren brukte dei som «handelsplass» der dei mottok bær og deretter sendte dei vidare til Bergen. Ein sommardag i 1907 stod det att to stampar bær, Nils og Kari som hadde påteke seg ansvaret, følte dei måtte gjere noko. Det var då dei fekk ideen om å lage saft av bæra. Dette var byrjinga på den store Lerumverksemda.
Bærproduksjonen auka, Lerum måtte difor byggje eit safthus. I 1909 stod huset ferdig på Sørheim. Saftpressinga vart større og større, og isen på Lustrafjorden byrja no å bli eit problem. Planane om å flytte saftfabrikken lengre ut i fjorden tok form.
Rundt 1918 var produksjonen så høg at den nesten hadde vekse ut av fabrikken. Teikninga av den nye Lerumfabrikken i Sogndal byrja, dei kjøpte tomt på Foss, der Høgskulen ligg i dag. Idet dei skulle til å byggje, dukka det opp ei ny interessant tomt. Maria Flugheim ville selje den vesle tomta si som låg nede ved fjorden. I 1917 kjøpte dei tomta og 24.juli 1919 vart A/S N.H Lerum`s Saftfabrikk stifta i Sogndal.
I 1950 overtok Karl Lerum fabrikken etter Nils Lerum. Namnet vart då endra til A/S Lerums saftfabrikk. Fabrikken vart utvida og syltetøyfabrikken vart bygd. Lerum har i etterkant mellom anna hatt lokale på Foss og Hermansverk.
I 1997 hadde Lerum 90 års jubileum. Fabrikken vart då modernisert. Den fyrste saftfabrikken på Sørheim vart også restaurert og opna som museum. I 2003 vart også landhandelen som Kari og Nils opna i 1906 restaurert, dette er i dag saman med saftmuseet eit handels og industrimuseum.
Frå liten til størst av 1MK er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.