Ekorn

Ei ekornmor
Ekornet er ein gnagar. Ei slag rotte med stor hårete hale. Lever på nøtter, røter, frø og knoppar. Det kan og ta egg og fugleungar i hekkesesongen. Måren er det dyret som ekornet må passe seg for.Han tek gjerne eit ekorn i ny og ne.
Plassering i kart
Ekornet kan variere i vekt frå 200 til 400 gram. Totallengda er 39-43 cm. Halen er 17-19 cm lang og buskete.
Framføtene på ekornet er om lag 3,5 cm lange og om lag 1-1,5 cm breie, bakføtene er om lag 5,5 cm lange og om lag 2-2,5 cm breie.
Vinterpels
Pelsskiftet om våren tek til i april, først på buken, så over sidene og opp på ryggen. I mai er sommarpelsen ferdig, men hårduskane på øyra og pelsen på halsen blir ikkje skift før i juni.
Ekornet kan bli 10 til 15 år gamle. Dei er utbreidd i alle skogstrøk i landet.
Forplantning
Etter paringa ber ekornet foster i 4-5 veker. Vanleg fødetid er februar-mai. Av og til kan ekornet få to kull. Det andre kullet kjem oftast i juli-august.
Ekornet får 3-7 ungar i kullet. Ungane er utan hår, og auga opna seg ikkje før det er gått 10 døgn.
Ungane syg mora i 28-32 døgn.
Blir mora forstyrra når ho har ungar i reiret, flytter ho dei med ein gong til eit av reservereira.
Ekornet trivst best i granskog og er eit typisk dagdyr. Her finn det nøtter, frø og røter som er den vanlegaste maten. Om sommaren kan ekornet ta både fugleegg og ungar. Sjølv kan det lett bli eit bytte for måren.
Om vinteren ligg det ofte i ro døgnet rundt, men om våren vaknar det til liv og hoppar frå tre til tre på jakt etter mat.
-
Ei ekornmor Foto: Lars Bjørkelandall-rights-reserved
-
Ekornet snur bakføtene og heng ettr klørne når det klatrar nedover. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Klatrar godt både oppover og nedover trestammane. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Litt flørting? Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Kva skjer no? Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Glade og fornøgde er dei Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ekorn Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Ekorn av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.