Svardalen, ei uoppdaga verd!
Svardalen er ein liten dal i fjellsida mellom Teigesåta og Langesjøen.Næraste garden er Drøsdalen.
I Svardalen kan du fiske, campe, utforske og bade. Turen passar for alle!
Plassering i kart
Korleis å kome seg dit ?
Først må du finna vegen fram til Skifjorden, og inn i Drøsdalen eller Trausdalen som det står på somme kart. Ved inste bruet parkerer du på parkeringsplassen, og følgjer traktorvegen innover og nordover. Du går så opp den fyrste traktorveien som går oppover fjellsida til venstre. Der han sluttar, går du vidare opp. Når du kjem til toppen, går rett fram til du ser ei kjempehole. Der er Svardalen.
I all aldrar
Turen opp tek frå 30 minuttar til ein time avhengig av om du ruslar eller går kjapt. Det gjer ikkje noko om du er gammal eller ung – turen passer for alle!
Aktivitetar
I Svardalen er det eit stort vatn der du kan fiske, bade eller finne på andre vassaktivitetar. I vatnet finst stor og fin bekkeaure, opptil ein kilo! Rundt vatnet er det grønn eng, perfekt for camping, flate skjer og bakkar med store tre. På bakkane øvst oppe er det små holer inn i fjellet som det går an å utforske. Har du flaks, så ser du kansje ein hjortekalv.
Fjelltrimpost
Dersom du skal ha poeng i fjelltrim, så er det berre å klatre opp på Teigesåta, fjellet over.
Når
Dersom det er sommar,masse sol og ingen skyer om er det heilt utruleg morosamt å dra opp til Svardalen. Det går an å gå opp sjølv når det ikkje er fullt so fint ver, men det blir ikkje heilt det same!
Svardalen, ei uoppdaga verd! av bjørnar_drøsdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.