Skatten på Rønsetholmen

Frå Sørefjorden er det berre ein liten rotur ut til Rønsetholmen.
Ein ungdomsskuleklasse på Hyllestad hadde skuleåret 1989/90 eit prosjekt om segner. Nokre av desse segnene vart prenta i «Årbok frå Sogn 1990». Denne spennande historien vart nedskriven av Janne Grethe Stigedal og Monica Rønneseth.
Plassering i kart
Ein verkeleg skatt?
Mange kjenner til segna om skatten som skal vere løynd på
Rønsetholmen. Men til denne tid har det ikkje lukkast nokon
finne det dyrebare godset som ligg der nedgrave. Vil du prøve
deg, så gå fram slik.
Finst det restar etter muren?
På holmen finst restar etter ein mur. Der skal du byrja. Frå
muren skal du ta eit hink og eit hank, eit spring og eit
sprang. Til slutt eit ulvebyks, og då står du ved skatten.
Kven finn skatten først ?
Det vert også sagt at klokka tolv ein viss dag i året, skal sola
skine rett i nykkelholet på kista der skatten ligg. Kanskje
vert du freista til å prøva lukkka du og,for enno har ingen
oppdaga skatten på Rønsetholmen.
-
Frå Sørefjorden er det berre ein liten rotur ut til Rønsetholmen. Foto: Håkon Haukøycbn
- Ligg skatten her oppe på holmen eller ned mot fjøra ?
- Eller har flodbølgja etter raset frå den trugande Katlenova skòla rikdommen bort ?
Skatten på Rønsetholmen av karina_fleten er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.