Sidemeny+

Sellevoll-tjønna – Svart stillheit

Posted on 11. mar 2005 by in Landskap

Ei nydeleg perle i Skifjorden!

Sellevol-tjønna vert mykje nytta til fiske og bading om sommaren, og skeiseløp om vinteren.
Ei vakker perle av eit vatn ikkje langt frå allfarveg.

Plassering i kart

Tjønna

Sellevoll-tjønna ligg ca. 700 meter frå hovudvegen inst i Skifjorden.Det er ikkje laga parkeringsplassar, men det er enkelt å finne ein stad å setje bilen der turen startar.
Tjønna er 3000 m² .
Rundt tjønna er det eit fantastisk turterreng, med skogsvegar på begge sider. Turen er super til familiar og elles folk i alle alder.
Du kan fint gå rundt vatnet på om lag 1 time.

Fiske

Det er mykje kjø i Sellevoll-tjønna.
Mange kjem for å fiske seg middagsmat og det er eit ynskjemål at så mange som mogeleg kjem for å fiske der, for det er ganske «overbefolka» med fisk. Du kan fiske frå land med stang eller oter.

Gjeremål

Ellers er det fint å bade i tjønna. Det er sandbotn i inste delen av tjønna, medan det er idielt for dei som er glade i å stupe i den ytste delen av tjønna.
Når kulda kjem i vinterhalvåret, og minusgradane gjer at tjønna frys, vert det flott skeiseis på tjønna. Mange skuleelevar har opp gjennom åra sett personlege rekordar på skeisebana.

Sagbruk & Kraftverk

Før i gamle dagar vart tjønna nytta til å forsyne husstandane inst i Skifjorden med elektrisk straum. Restane av det gamle kraftverket står der den dag i dag, medan demningen er delvis vekke.Inni huset finn du alle dei gamle verktøya dei brukte i før.
Det er og eit sagbruk lenger inne i marka, som ennå står godt planta på jorda. Ògså der kan ein finne reiskapar til folka som jobba der.

Utstyr

I terrenget treng du gode fjellsko som tålar å få vatn på seg.
Elles treng du mat og drikke til turen, men nokre plassar rundt tjønna er det godt vatn som du kan drikke. Det går å campe rundt ved å bruke telt eller sove under open himmel.

Dyreliv

Det er mykje fint dyreliv rundt tjønna.
Du kan sjå ekorn,rev,fuglar og fisk.
Det lov å ta med seg hunden/hundane på turen, men han må helst vere i band, for det er andre hundar som er i området.

Bær & Sopp

Du finn mykje bær i området rundt; mest tytebær,blåbær og krekling.
Sopp er det og, men ver varsam og ver sikker på kva art du sankar!

CC BY-NC 4.0 Sellevoll-tjønna – Svart stillheit av maren_gjervik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Maren Haugen Gjervik/2005
Kjelder: Marit W.Haugen Gjervik f.1959 Ivar A.Haugen f.1935 Jostein K.Gjervik f.1954
Kommune: Sellevoll