Risnesnipa

Det vert litt motebakke på vegen mot Risnesnipa.
Lifjorden og Lifjellet høyrer sjølvsagt saman; begge har sitt særpreg.
Fjellet er delt inn i tre område, og lengst i sørvest ligg Risnesnipa.
Det er to vegar opp dit; den eine er opp Hovladsstien og den andre
er opp frå Risnes.
Plassering i kart
Turen opp
For å starte turen, køyrer du inn i Lifjorden.
Litt før Risnes ligg Hovland og i vegkanten her ser du skiltet «HOVLANDSTIEN».
Du kan parkere på ein utkjøsrsel 100 meter lenger framme.
No følgjer du stien oppover gjennom eit grustak, og oppover bøar og beite.
Sjølve turen opp tek 1,5 timar viss du er rask,
Men ein vanleg søndagstur tekk 2 og 1/2 time.
Stien opp er merka med gult.
Når du kjem opp på fjellkanten, står det skilt viser kor du kan gå.
Du kan og gå opp frå Risnes; der er litt lettare å gå men litt lenger.
Stiane møtest oppunder fjellet.
Hendingar
I juni 1936 hente det ei ulykke kalla «Havørnulykka».
Alle om bord vart drepne, eit mannskap på fire og tre passasjerar.
Redningsarbeidet var vanskeleg i det ujevne og bratte terrenget.
Alle i området var med og leita.
Utsikt
Når du endeleg er komen opp etter enn lang og fin tur,
kan du berre slappe av og nyte utsikten; det er noko med det beste med
turen. Har du med deg kikkert, kan du sjå ut i Nordsjøen.
Du ser også det fine landskapet vi har i Lifjorden.
Frå toppen kan du sjå kan du sjå Gulen, Solund, Gygresjeften og Sognneskolen og mykje, mykje vidare.
God tur, men utstyr deg godt med både mat og klede, for her er du ikkje akkurat på hagevandring.
-
Det vert litt motebakke på vegen mot Risnesnipa. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Hugs å late att grinda, for mange sauer likar å beite på saftig gras i lia mot fjellet. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Hytte reist like ved Hovlandsstølane Foto: John Gerick Bårøycbn
-
Ikkje vanskeleg å finne små badepyttar på fjellet. Foto: John Gerick Bårøycbn
-
Stien kan vere smal oppe i fjellsida. Foto: John Gerick Bårøycbn
-
Turgåar på Risnesnipa Foto: Håkon Haukøycbn
-
Varden på Risnesnipa Foto: Håkon Haukøycbn
Risnesnipa av john_bårøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.