Rausetstølen

Vinter på Rausetsøylen
I lia høgt over Rauset ligg det ein flott, liten støyl, ca. 520m.o.h. Tek du turen hit vil du få ei fantastisk utsikt. Mange påstår det er Rausetstøylen som har beste utsikta, av støylane rundt Gloppefjorden.
Plassering i kart
Vegen
Vegen til støylen er ikkje veldig lang, men bratt. Vegen til støylen startar ved informasjonsskiltet, ved Hestedalsvegen. Frå Rauset tek det ein liten time opp.
Heile vegen er bygd med hellelagde trappetrin, men det er berre den siste delen som er synleg i dag, og mogleg å gå. Hellene byrjar like ovanfor eit beite du må gjennom på veg til støylen.
Går du trappetrina, kjem du fortast til støylen. Du kan også gå ein skogsveg til støylen.
Støylshusa
Støylshusa ligg samla på kvia. Kvar gard har eit sel som høyrer til bruket. Husa har spesiell byggestil. Fjøsen og selet er bygd eitt, der fjøsen er mura i gråstein, med selet oppå. Det var berre selet til Stordstad som hadde sel og fjøs kvar for seg. No står berre murane av fjøsen igjen.
Det vart halde drift på Rausetstøylen til rundt 1980. Då slutta også siste bruke å støyle der. Dei fire andre slutta før.
Turmoglegheiter
Turen til Rausetstøylen ein ein flott tur både sommar og vinter. Spesielt i vinterferie og påskeferien går det mykje skispor til støylen.
Du har også frå Rausetstøylen eit godt utgangspunkt om du skal vidare, til Morafta, bak mot Hyen, til Ravnestadstøylen eller vidare mot Ryggjastøylen eller Traudalen.
Tek du turen til Rausetstøylen, skal eg garantere deg ei fantastisk utsikt
-
Vinter på Rausetsøylen Foto: Odd-Arne Holmøyall-rights-reserved
-
Haust på Rausetstøylen Foto: Kjersti Rausetall-rights-reserved
-
Biletet er teke frå fjellet, over Rausetstøylen Foto: Kjersti Rausetall-rights-reserved
Rausetstølen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.