Sidemeny+

Kraftverk på Sørstranda

Posted on 3. mar 2005 by in Arbeidsliv

Foto: Kjesrti Rausetall-rights-reserved

Kraftverkhuset er kledd med villmarkspanel, og til våren kjem det torv på taket.

Etter fleire års planlegging, står no eit splitter nytt kraftverk og summar på Sande. Tolv eigarar er med i prosjektet, og sit no og håpar på at regnet skal kome, og snøen smelte i fjella.

Plassering i kart

1280 meter røyr er no gravne ned, og leiar vatnet ned til kraftstasjonen. Hovudinntaket til vatnet ligg i elva Kvitefella. Det er laga ein demning, der mesteparten av vatnet frå elva renn inn. Det er også lagt røyr til Daufosselva, for å for å få meir stabil produksjon. Vatnet i røyra har ei fallhøgde på 210 meter ned til kraftstasjonen, der han blir pressa gjennom regulerbare dyser, og treffer eit vasshjul. Over vasshjulet står ein generatoren som formar om rørsla i hjulet til straum.
Kraftverket har ei slukeevne på 0,77 m3/s når det går for fullt, og det er mogleg å utnytte heile 67% av vassmengda i elvane.
Vassføringa i elva endrar seg heile tida, og for å oppnå størt mogeleg produksjon, blir kraftverket regulert i forhold til vassmengda i dammen. Turbinen blir styrt automatisk i forhold til vatnet ved inntaket. Produksjonen er datastyrt, og vert det feil i produksjonen, får ein melding om det på mobiltelefon.

Forventa produksjon, er ca 6 GWh kvart år. Dette tilsvarar forbruket til ca. 300 husstandar.

Røyrgata er nedgravne heile vegen, og når det blir pussa opp til våren, vil det berre vere inntaksdammane som viser i terrenget.

CC BY-NC 4.0 Kraftverk på Sørstranda av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kjersti Rauset 10a 2005