Kolgrovheia – utmerka utsikt

Varden på toppen av Kolgrovheia
To stiar fører rett til topps. Ein litt lettare frå bakketoppen på Kolgrovvegen, men han er ikkje merka. Litt tyngre er det langs den merka stien frå Myregjerde, men her er det meir å sjå og oppleve.
Plassering i kart
Tida til topps!
Kolgrovheia når du på om lag ein time om du fylgjer den «eigentlege» stien om du er rimeleg rask til beins. Er du litt tregare og vil ta deg tid til opplevingar under vegs, går det lett to timar. Frå den andre vegen nokre hundre meter før Kolgrovgardane, treng du ein halv time viss du likar å gå, og dersom du ikkje er så sprek, brukar du mellom ein og ein og ein halv time opp.
Kvar ligg plassen?
Kolgrovheia ligg i Hyllestad kommune, litt sørvest opp frå Hyllestad sentrum. Du kan køyre opp til Kolgrov og gå der ifrå. Då startar stien nokre hundre meter frå garden som ligg heilt i enden av vegen opp til Kolgrov. Men den stien er ikkje merka. Den andre turløypa startar på Myregjerdet, ikkje langt frå ein Statoil – stasjon, like ved sida av ein blå lakkhall. Der står det eit skilt merka Kolgrovheia, og då er det berre å fylgje merkinga like til topps.
Utsikta
Når du er på toppen, får du ei fin utsikt over mange toppar. Du kan blant anna sjå Lifjellet, Sogneskollen, Rossvikheia, Torgeirsletta. Du ser også ut på Sørbøvågen, og dei fine holmane som heiter Lauvholmane og Ønaholmane som ligg i Åfjorden. Så det er verdt å ta turen berre for utsikta.
Terreng
Terrenget der er ganske fint eigentlig, men er litt kronglete. På siste delen av turen er det berg som er veldig fint å gå på.
Kolgrovheia er ikkje so veldig høg, men toppen er faktisk så mykje som 497 meter høg og er likevel ikkje for bratt å gå opp. Turen dit bør du helst gå på våren, somaren eller tidleg høst. Elles kan det bli is og snø når du er kome eit stykke opp.
Tips til turen
Når du skal på Kolgrovheia, er det lurt å ikkje ta med på deg for mykje kle om gangen. Då blir du fort veldig svett, og når du tar pause, begynner du å fryse. Ta heller med deg litt ekstra klede i ein sekk.
Drikke er det alltid lurt å ha med seg, vatn eller saft. Viss du skal ha pause på toppen, kan det vere godt å ha noko å ete på. Men sjølvsagt er det heilt valfritt.
- Varden på toppen av Kolgrovheia
- Litt av stien på vegen opp.
- Eit lite vatn vi går forbi på vegen.
- Utsikt mot Lifjellet og Åfjorden
- Utsikta bort til Sogneskollen
- Nesten oppe på toppen!
- Risnesnipa og Lifjellet
Kolgrovheia – utmerka utsikt av svein_ole_buene er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.