Katlenova – lite fjell med god utsikt

Katlenova lener seg tydeleg ut over Sørefjorden
For å komme deg til Katlenova, må du køyre til Einevollen.
For dei som ikkje veit kor Einevollen er, køyrer du frå Hyllestad riksvegen mot Sørbøvåg. Litt forbi Stall Viljar tek du inn ein liten gardsveg mot venstre.
Plassering i kart
Kor lang tid tek turen opp ?
Turen opp på Katlenova tek mellom 30 min og ein time. Men viss du er ein som er lett på foten, kjem du fram på ein halvtime. Det kan vere ein ide å ta med seg litt niste på turen, for når du først er komen opp, kjem du til å nekte å reise ned att.
Utsikt
Du ser bort på gardane på Berge, ned på Einevollen, og kanskje Leira. Men du har og ei fin utsikt ut over mot Sørbøvåg.
Kvifor ta turen opp
Viss du ikkje har vore på Katlenova, bør du komme deg opp fortast mogleg. Det er ikkje så høg topp, om lag 270 meter over havet. Vegen er ikkje av det lettaste typen. Kan hende at du møter på eit par utfordringar mellom kratt og busk. Viss du vil ta ein lettare veg mot Katlenova, kan du reise til garden Lia. Deretter kan du gå over haugane mot Katlenova.
Så seier segn og soge
Til Katlenova og Rønsetholmen som ligg under Katlenova, er det knytta fleire segner. Her får vi fortalt om skattar i terrenget, og dramatiske ting som vil skje den dagen Katlenova raser ut i fjorden. Vi har også høyrt at krigsskip har søkt tilflukt under fjellet når dei i siste verdskrig var truga av bombefly.
-
Katlenova lener seg tydeleg ut over Sørefjorden Foto: Charlotte Nordstrandcbn
- For vel ti år sidane gjekk det eit stort ras frå fjellet.
-
Eit arr etter tidlegare ras Foto: Charlotte Nordstrandcbn
-
Ei fin utsikt frå Stigedalen mot Katlenova
Foto: Charlotte Nordstrandall-rights-reserved
- Rønsetholmen under Katlenova.
- Stille haustdag ved Sørefjorden
- Idyll ved Leira, Einevollen og Katlenova.
Katlenova – lite fjell med god utsikt av charlotte_nordstrand er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.