Sidemeny+

Holvikjekta

Posted on 4. mar 2005 by in Arbeidsliv

I 1997 vart Holvikjekta vald til kulturminne for Gloppen komune. Valet kom neppe uventa.
Heilt frå Holvikjekta vart sett på land for godt i 1906, har folk sett verdien i å ta vare på dette fartøyet.

Plassering i kart

Interessa har nok variert fram igjennom åra, men fekk eit oppsving i 1960 åra, då jekta vart heva og reparert, og eit ny oppsving i 1981 då det var hundreårs jubileum for jekta.
Sidan den tid har interessa halde seg stor, noko mellom anna planane om å byggje ein kopi av jekta er vitnemål om.
Jekta er meir enn ein vakker, gammal og godt bygd båt. Holvikjekta hadde ein funksjon.

Handelsskip
Holvikjekta var eit viktig handelsskip.
På dette skipet frakta glopparane varer, først og fremst skogbruksprodukt til Bergen.
Og på dette skipet frakta dei heim at varer som dei ikkje var sjølvforsynte med, finare tøy, krusetøy, matvarer og kanskje av og til varer som på den tid blei sett på som luksus varer.

Holvikjekta- del av ein kultur
Ved å lese om og lytte til dei som har opplevd jektefarten får eit innsyn i ein annan dimensjon ved jektefarten enn det vi til no har vore innom. Jektene rørte ved kjenslene til folk.
Dei heldt dugnadsgjestebod når dei hadde fått masta opp dei heldt avskjedsgjestebod når jekta for, og bygdegjestebod når jekta kom heim.
Det var både høgtid og spenning knytt til desse årlege turane til desse årlege turane til Bergen.
Jektefarten var viktige innslag i bygdelivet. Dei var bindelenkar utover ikkje berre i handelssamenheng men også kulturelt.
Gjennom det bykarane fortalde og det dei hadde med heim, fekk folket i grendene impulsar frå ei verd dei til vanleg ikkje hadde så mykje kontakt med.

Mauring
Når jekta ikkje var tett, blei ho maura. Ombord i Jekta hadde ein sekkar med maurtuer oppi.
Sekkane blei tømde på sjøen langs jekta. Slik at maurane og barnålene vart sugde inn i jekta.

Bytur
Jekta gjorde 3-4 turar til Bergen kvar sommar. Den vanlegaste lasta til Bergen var bjørkeved, bord og bandebuntar , bjørkenever, bork og skinn.
Heim at tok dei med bygg, mjøl, slipesteinar, tøy, sirup, panner, pyntesaker, klesplagg og brennevin
Dei som var ombord i båten tok med varer frå folk i Gloppen og selde dei for varer vedkomande ville ha igjen

Den siste turen til Holvikjekta var i Juli 1906.

Holvikejekta

Terje Svendsby kan alt som er å vite om Holvikejekta, og delte kunnskapen sin med oss då vi var på besøk på Nordfjord Folkemuseum i vår. Jekta er den einaste vedajekta som er att i verda. Ho er også truleg den einaste godt bevarte jekta frå si tid.

Holvikejekta vart bygd i 1881 i Kråafjøra på Sandane av Apalsetgutane, som opphavleg kom frå Sørstranda. Denne jekta skulle vere større enn dei andre gloppejektene, så dette var ei vanskeleg oppgåve for jektebyggjarane.

Holvikejekta er klinkbygd, det vil seie at båtborda ligg over kvarandre og er festa til kvarandre med saum. Jekta er 20 m lang og 8,6 m brei. Holvikejekta blei brukt til å frakte varer til og frå Bergen. Ho kan laste 150 mål med haustkløyvd ved. Lasta blei kalla farmen. Ho frakta også bord (material) og andre ting dei kunne selje i Bergen.

Holvikejekta hadde raudt hovudsegl, så ho var lett å kjenne igjen. Hovudseglet hadde eit areal på 270 m². Med alle segla oppe var det i alt 340 m² seglflate.

Om våren måtte dei klargjere jekta. Dersom det var hol i jekta, måtte dei maure ho. Mauring var ein fantastisk måte å tette båten på. Dei drog opp i skogen for å finne maurtuer. Så tok dei med seg maurmask frå maurtua og la det i sjøen der jekta lak. Maurmasken trekte seg så inn der det var hol. Etter mauringa skulle jekta sjøsetjast. Då måtte 30-40 mann hjelpe til. Mannskapet hadde med seg maurmask på ferdene dersom jekta skulle gå lekk.

CC BY-NC 4.0 Holvikjekta av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marie Støyva 10a 2005 Mari Eide 8c 2009