Sidemeny+

Hjort

Posted on 13. mar 2005 by in Dyreliv

Det er mykje hjort i Gloppen. Hanndyret heiter bukk og hodyret kallar vi kolle. Til eldre bukkane blir, til fleire taggar får dei på horna som og vert kalla gevir. Det er mange hjortevald i Gloppen, så det vert felte mange kvar veke. Her er resultata for dei siste åra.

Plassering i kart

Informasjon om merka hjort i Breim, 2005

Først ein stor takk til alle som har vore delaktige med å legge ut fòringsplassar, og som har vore med på mange timar nattarbeid for å kome i land med dette prosjektet !

Det er totalt merka 26 hjort i Breim, derav 13 dyr (vaksne koller) med radiosendar.
Det er forsøkt å merke desse over eit størst muleg område, og vi har merka 17 dyr i «nedre Breim» og 9 dyr i «øvre Breim»(sjå «merkeplass» på vedlagte liste).

Alle dyra er merka med gule øyremerke med eit 3-sifra nummer i eine øyret, og eit oransje øyremerke utan nummer i det andre øyret (unntak frå dette er dei siste dyra som vart merka, desse har eit lilla merke i eine øyret – sjå under «merknadar» på vedlagte liste).

Dei 13 kollene som har radiosendar, har denne festa rundt halsen med ein godt synleg «klave» med forskjellig farge – sjå under «merknadar» på vedlagte liste.

Dette er kun starten av prosjektet – no gjenstår det kanskje viktigaste arbeidet :

Observere bevegelsane til desse dyra, og legge denne informasjonen inn på data !

Alle som observerar merka hjort MÅ legge denne informasjonen inn på data – dette er svært viktig for målet med prosjektet! Det er nummeret på det gule øyremerket som er avgjerande for å legge dette inn, så dette må observerast ved hjelp av kikkert. Når ein så har gjort ein slik observasjon, så er framgangsmåten følgande :

Logg deg inn på denne internettadressa : www.njff.no , og deretter klikkar du på «Sogn og fjordane» til høgre på den sida du får opp. Då kjem du inn på sida til Sogn og Fjordane JFF, og til venstre på denne sida finn ein «Hjortemerking» som ein klikkar på. Vidare klikkar ein på «Merkeprosjekt Nordfjord», og ein er inne på sidene som har med dette prosjektet å gjere. Her klikkar ein på «Observasjon» til venstre på denne sida, og vidare på «Registrer» og resten tar ein steg for steg. Hugs å skriv ein kort kommentar i merknadsfeltet.

For å følge med observasjonar/bevegelsane til dyra som er merka i Breim (og andre stadar), så er det same framgangsmåten som ovanfor bortsett frå å velge «Registrer» til slutt.

I tillegg til dette vil det vere eit peile-lag som peilar dei dyra som er merka med radiosendarar,og legg denne informasjonen inn på data.
Dette arbeidet er allereie godt i gang (sjå «vandringsrute» på internettadressa ovanfor).
No framover våren vil det verte peiling av dyr 2-3 gongar pr. veke for å kartlegge trekkrutene til desse dyra, og med ein tilsvarande periode til hausten. Om sommaren og vinteren vil det verte lenger intervall mellom kvar peiling, då dyra er meir stasjonære.

Håpar alle kan bidra med informasjon til dette prosjektet, for det er viktig at alle enkeltobservasjonar vert registrert fortløpande (t.d. kan det virke lite viktig med ein enkelt observasjon av eit merka dyr, men dette kan vere spesielt viktig dersom ein t.d. ikkje har sett dette dyret/registrert det på ei stund, og ingen veit kvar det er.
Derfor : ALLE observasjonar er viktige å få registrert på Internett !

Interessert i hjortejakt?
Lykke til !

For merkeprosjektet
Knut O. Førde

CC BY-NC 4.0 Hjort av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Knut Førde 2005