Sidemeny+

Hestehov Korgplantefanilien(Tussilago farfara ) Colt’s-foot

Posted on 28. mar 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Dei fyrste hestehovane i år.

Alt i slutten av februar kan du sjå hestehov i full blomst, men det vanlegaste er frå april – mai.. Dei gule fine blomstrane kjem fram lenge før blada er fullt utvoksne. Ofte står dei i tung vårsnø og minner oss om at ei anna årstid er like rundt hjørnet. Som hjå alle korgplantar, er blomsten i toppen av kvar stengel samansett av mange, mange enkeltblomstrar; samla i ei korg.

Plassering i kart

Utsjånad
Hestehov er ein gul vårblomst i korgplantefamilien. Blomsten blir 5-20 cm høg og blomstrar i mars til mai. Stengelen har om våren raudbrune skjellblad. På enden av stengelen er det ei korg med solgule blomstrar. Blada er hjarteforma med nervar, som har grøn overside og litt lysare underside. Blada liknar faktisk fotavtrykket til hesten. Dette er nok også grunnen til namnet.

Utbreiing
I Noreg held planten til stor sett over alt, men likar seg best på fuktig leirjord, sand, grus eller moldjord. Formeiringa skjer på same måten som med løvetann. Hestehoven formeirer seg via dunaktige fallskjermar som bær frøa. Hestehoven er stort sett å sjå over heile kloten, den held seg både i Europa, Nord- og vest Asia, det nordlege Afrika, USA og Canada.

Medisin
Urta kan brukast mot mange sjukdommar og plager. Hoste, astma, hovudpine og øyreverk er berre nokre av sjukdommane som planten kan lindre. Men det er advart mot innvortes bruk, fordi urta inneheld små mengder giftstoff som kan gje kreft og leverskadar.

CC BY-NC 4.0 Hestehov Korgplantefanilien(Tussilago farfara ) Colt’s-foot av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Reed 9a1 2008
Kommune: Sandane