Eg elskar Hyllestad …
Mange grender har sine eigne songar. I Hyllestad er denne teksten, skriven av sokneprest Olav Bruknapp, godt kjent og ofte sungen.
Melodien «Blant alle lande..» høver til teksten.
Plassering i kart
Eg elskar Hyllestad…
Eg elskar Hyllestad, bygda mi,
med gard og grunn og med lund og lid,
med grøne grender og lyse strender
ved sumartid.
Då sola strålar frå himmel rein
og bekkar surklar kring stuv og stein,
– sjå dogga glitrar, høyr fuglar kvitrar
frå grøne grein !
Du ligg så fagert ved fjord og fjell
der blåveis blømer i bakkeheld.
I lune lier det gror kring stier
ved tun og tjeld.
I Øen-bygda så ljos og lett,
der lyser venleik frå kvar ein plett
– der fann dei fagnad og lukkelagnad
frå ætt til ætt.
Fylg Øna-vegen til Hyllestad,
og sjå på bygda ved solarglad
– då alvar dansar i raude kransar
og syng sitt kvad.
Frå djupe fjorden stig Lifjell opp
der «Havørn» stanga mot fjellartopp.
Det small i nuten mot stolte guten,
som slik sa: stopp !
Og Leirvik-bygda ved elveos,
dit feite laksen han set sin kos,
der båtar byggjest og folk seg hyggjest
– vi gjev vår ros.
I desse bygder vår ætt har butt,
her har ho slite og heim seg rudt.
I tider lange og kår så trange
ho streva trutt.
Frå Himlens Herre kom signing ned,
gav kraft og lukke og hjartefred.
I onn og yrkje, i heim og kyrkje
vår Gud var med.
Vi takkar far og vi takkar mor
for barneheim og for fedrejord,
for tru og tryggje og heimehyggje
– ein arv så stor.
Så vil vi vyrdsle vår moder-jord
og gjera bygda vår sterk og stor.
Alt vondt skal røme, alt godt skal bløme
i våre spor.
Olav Bruknapp
-
Hyllestad kyrkje bygd på garden Myklebust ved Åfjorden i 1880. Foto: Håkon Haukøycbn
- Ikkje blåveis, men kvitveis trivst framifrå i bakkehalda.
- Utsikt frå Sauesnuken til Ytre Bø
- Idyll ved solefall
Eg elskar Hyllestad … av karina_fleten er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.