Sidemeny+

Bøfjordsongen – ein tradisjonell bygdesong

Posted on 7. mar 2005 by in Arbeidsliv

Svært mange stader i Bygde-Noreg har fått sin eigen song. Tekstane kan vere skapte av personar med ekte kjærleik til heimstaden sin, eller dei har sett dagens lys etter konkurransar i Nitimen eller etter andre meir eller mindre utspekulerte påfunn. Både tekst og tone er gjerne merka av tida og situasjonen songen vart til i.

Plassering i kart

Føregangsmenn i heimbygda

Teksten til Bøfjordsongen er skriven av Halvor Nygaard som kring midten 1900-talet var dyrlækjar i distriktet og var elles ein aktiv person i ymse lagsarbeid i bygda, mellom anna den første leiaren i Sentrum IL.
Olav Førsund som var lærar i Bøfjorden,sette tone til strofene.Han var lærar og kyrkjesongar i Bøfjorden. Han byrja som lærar ved Leirvik skule i 1926 og hadde si gjerning der til han vart pensjonist i 1952.

Bøfjordsongen

Som den fyrste grein i Sognefjord
finn du Bøfjord rett mot nord.
Dei høge fjell med fure på,
gjer han alltid ven å sjå.

Finn du bylgja stor og sjøen vill,
har me her ei hamn so still.
Ligg her trygt for storm i ly,
til du kan dra ut på ny.

Her går vegar til så mang ein krok,
fram til folkerike strok.
Knyter saman alle oss,
her me bur ved fjord og foss.

Me har fossar med stor kraft i hand,
me har fruktbart åkerland.
Me har fisk og tømmerskog,
me har malm i fjella og.

Her kan verte både gildt og bra,
om me lovar no i dag:
«Lenger fram med Bø i Sogn,
er det me samlast om.»

CC BY-NC 4.0 Bøfjordsongen – ein tradisjonell bygdesong av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy, 2005.
Kjelder: Kopi av bygdesong.
Kommune: Bøfjorden