Moskusand

Nærbilde av moskusand
Rømt moskusand i Gloppen?
I det siste har det vore observert ein spesiell fugl ved Breimsvatnet. Han er ikkje redd og likar seg tilsynelatande betre på land enn ute i vatnet. Det er tydeleg at det er ei and, og kjem du han for nær, høyrer du han freser. Du kan også sjå at han har små tenner.
Plassering i kart
Moskusand i vill tilstand
Moskusanda lever fortsatt vilt i Mellom-Amerika der ho oppheld seg i lett sumpterreng. Fuglen likar å sitte på greiner rett over bakken.
I Norge har fuglen blitt populær fordi han et sniglar i hagane utan å rote for mykje i blomsterbeda. Anda er heller ikkje avhengig av stor badedam.
Hekking
Denne fuglen legg mange egg. I reiret kan det ligge opp til 30 egg, og det er ikkje uvanleg at 27-28 levedyktige ungar forlet reiret etter klekking. Etter berre tre veker greier ungane seg på eiga hand under gunstige forhold. På ein sesong kan moskusanda få fram heile tre store kull. Rugetida er 32-37 dagar.
Stadbunden
Moskusanda har lett for å halde seg i same området, så ho kan godt gå laus i hagen. Anda er ein god flygar, men ho tek sjeldan lange turar. Fuglen kan gå ute heile året. Utover hausten er det greit å fore ho med kraftfor og høy. Om vinteren et ho lite og tærer på fettet frå sommaren.
Det er truleg ein i Gloppen som eig denne moskusanda som har tilhald i Kjørvika ved Breimsvatnet.
Moskusand av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.