Sidemeny+

Kvinand (Bucephala clangula) Goldeneye

Posted on 25. feb 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Kvinand hann

Kvinand er ein vanleg fugl i Sogn og Fjordane. Dei oppheld seg ofte haust og tidleg vår i flokkar i fjordane eller i ferskvatn. Dette er ein holrugar som treng fuglekasse eller andre holrom å legge egga sine i.

Plassering i kart

Kvinand
Kvinanda er ein litt klumpete fugl med påfallande stort hovud som pga. steil panne får trekant-form. Ho-fuglen er ca 39 cm, mendan hannen er 49 cm. Hannen er lett kjenneleg på grønglinsande svart hovud med ein stor kvit flekk ved nebbrota; hals og underside glinsande kvit, rygg svart med kvite og svarte skulderfjør. Ho-fuglen har kastanjebrunt hovud med kvit halsring. Har grått, mørkestripa bryst og rygg. Glinsande kvit buk. Kvinanda hekkar i skogtraktene og har reiret sitt plassert gjerne i hol i eit tre eller i fuglekasser. Legg 7-9 egg. Blågrønne egg i mai-juni.

Hekkar i forholdsvis store kasser, same mål til kassa som for kattugla.

CC BY-NC 4.0 Kvinand (Bucephala clangula) Goldeneye av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjørnar Kaale 10 a 2005
Kjelder: Våre fugler: Svein Haftorn og Bjørn Ursing