Glente

Den sjeldne glenta i flukt. Kjenneteikn: Den kraftige innskjeringa i stjerten og dei kvite flekkane under vingene.
Glente er ein rovfugl som er sjelden i Noreg. Han var ofte å sjå i Sør-Noreg i forrige århundre, men elles held han seg i sørlege delar av Norden og i området rundt Storbritannia.
Plassering i kart
Kanskje fyrste observasjonen i Gloppen
Den 16. Januar 2005 såg pappa og eg denne fuglen. Han vart jaga av nokre kråker rett over garden vår. Det var spennande å stå og sjå på ein så stor rovfugl som eg aldri hadde sett før, og då vi kom inn og såg i fugleboka, fann vi ut at han var sjelden i Norge, noko som gjorde det heile litt artig.
Feltkjenneteikn
Det fins to ulike Glenter. Svartglente og vanleg glente. Det vi såg var vanlig glente.
Den er ca.65 cm stor. Hoa er litt større enn hannen, men elles er dei heilt like. Kjenneteikn på Glenta er den djupe kløfta på stjerten, den syner veldig godt når ho er i flukt. Andre kjenneteikn kan være ein stor kvit flekk nær spissen av vengene på undersida. Hovudet er lysgrått. I flukt er fuglen veldig elegant, og flyr med ein sterk knekk på vingene. Dette er kjenneteikn på dei fleste rovfuglane.
Glenta lever av smågnagarar, reptilar, frosk, insekt, fugleunger, m.m.
Reiret legg ho i tre i open skog eller nær skogkanten. Ho legg mellom 2-4 egg som er mattkvite med brune flekkar.
Trekkfugl som kjem i april og reiser til SV-Europa i september.
-
Den sjeldne glenta i flukt. Kjenneteikn: Den kraftige innskjeringa i stjerten og dei kvite flekkane under vingene. Foto: Teikna av Marie Støyva 10Acbn
Glente av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.