Sidemeny+

Eit merkeleg fenomen i Angedalen:»Ruglesteinen»

Posted on 15. feb 2005 by in Jordbruk

Foto: Reidar Eideall-rights-reserved

"Ruglesteinen" må ein berre prøve når ein går på vegen mot Ramstadstølen

«Ruglesteinen» er eit kjent omgrep i Angedalen. Mange er dei som har vore oppå den og laga musikk for folket på gardane på andre sida av dalen. For dei som gjekk til støyls, var det vanleg å ta seg ein tur oppå steinen for å rugle. Steinen ligg om lag 100 m. frå den nye vegen til Ramstadstøylen og det tek om lag ein halv time å gå dei 2.1 kilometrane frå Rygjabrua ved fylkesvegen.

Plassering i kart

I «FIRDA» frå 1931 finn vi fenomenet utførleg skildra:» En fin sommerdag jeg reiste oppover Angedalen, fikk jeg høre en underlig musik fra øvre Ramstadlien – i nogen likhed av en blandet musik av horn og tromme fra eksersisen på «Vikoira».En mann jeg traff og spurte hvad slags musik dette var, fortalte at det er en sten som beveger seg og fremkalder denne melodi når godveir er i vente.Ja saa! Om du vilde følge meg derop engang så jeg kunde få ta dette underlige «Fenomen» i nærmere betraktning? Med fornøielse. Vi kan godt ta turen i dag, det tar ikke lang tid derop, og netop på en søndag i så fint veir som i dag, er stenen som regel i sit rette element.

Komne fram til stenen som var i livlig bevegelse og gav fra seg vakre toner i sitt slags, blev jeg først oppmerksom på, at selve stenen ikke kunne greie dette, men at det var to gutter som benyttede stenen som sit instrument, idet de dansede både pols og vals på stenen, og derved bragte musikken frem.At det ikke var første gang de hadde gaaet denne dansen, var sikkert nok. De greidde at fremskaffe musikk av det mest utrolige, som var riktig en fornøyelse at lytte til, og hørtes i flere kilometers avstand.Den består i en noget flat, stor, jordfast sten, med en mindre, flat sten ovenpå, der hviler på to avsatser av understenen. Overstenen kan «dyppes» ned mot understenen når og hvor man vil. Derved fremkommer musikken.»

Ruglesteinen på Ramstad i Angedalen ligg tett ved den gamle stølsråsa. Det er ei flat helle som er slik plassert på steinen under, at ein kan hoppe på han og lage rytmiske smell som kan høyrast mange kilometer unna.

Det er knytt ei gammal segn til denne steinen. Denne står omtala i avisa FIRDA i 1931. Sjå eigen artikkel på ”Fjellatlas.no”: Segna om ”Ruglestenen” i Angedalen.

CC BY-NC 4.0 Eit merkeleg fenomen i Angedalen:»Ruglesteinen» av Reidar Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Reidar Eide, 2005
Kjelder: Avisa "Firda" 1931
Kommune: Ruglesteinen