Vill og vakker
Mostien er ein vakker natursti som slyngjer seg rundt i området frå Sunnfjord museum til skulen på Mo. Her kan du oppleve vakker natur, vakkert kulturlandskap og mykje anna i skog og mark.
Plassering i kart
Stien vert til
Ideen om Mostien sprang ut frå ein skjøtselsplan for museet i Movika, vedtatt i 1995. Då vart det kartlagt og innteikna fleire stiar i området rundt museet og dei vart einige med skulen på Mo om å rydde veg til det som skulle bli Mostien. Seinare kom Førde og Jølster kommune inn i biletet, likeeins skogselskapet, bondelaget og fylkesmannen. Saman fekk dei finansiert restaurering, oppgradering og skilting av stien frå museet til Huldefossen. Det var i tillegg mykje dugnadsarbeid. Stien blei opna av ordførarane i Jølster og Førde i mai 2000.
Passar for både store og små
Mostien er lett å komme til både frå museet og skulen. Terrenget er ikkje spesielt utfordrande, men er variert og har mange sortar vegetasjon. Med jamne mellomrom finn ein postar, som er plansjar som tar føre seg forskjellige emne som har å gjere med dei naturtypane og ulike delane av stien som ein er på. Ein plansje tar for seg postvegen, andre fortel om stølsdrift, fossekraft, granskog og mykje anna.
Mostien er ikkje så lang og er lagt opp slik at dei fleste greier den. Når det regner hender det at det blir litt blaut nokre plassar, men med gode sko er det ingen problem (ingenting som heiter dårleg vêr, berre dårlege klede!). Barnefamiliar kan godt ta turen innom stien. Særleg kjekt for borna kan vere å høyre på dyrelydane nede ved museet. Det er og mykje flott natur som kan vere verdt å forevige, og då er det kjekt å ha med eit fotoapparat.
I stadig utvikling
Museet har ein utbyggingsplan for Mostien som går ut på å ta store delar av området i bruk til å setje opp tradisjonelle bygningar og andre innretningar som har vore vanleg i utmark. Sidan opninga av stien er det heile tida komme til nye små bygg og andre forbetringar. Truleg vil tekstane på skilta bli omsatt til fleire språk for å gjere det endå lettare for turistane. Etter planen skal stien alltid vere i utvikling.
-
På Mostien finn du ein del av den gamle postvegen. Foto: Sunnfjord museum.all-rights-reserved
-
Stien går rundt garden på Mo. Foto: Sunnfjord Museum.all-rights-reserved
-
Det er ein del granskog attmed Mostien. Det blir drive noko skogbruk. Foto: Sunnfjord Museum.all-rights-reserved
Vill og vakker av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.