Sidemeny+

Tuftene eller Tuftadalen.

Posted on 9. jan 2005 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved

Utsikt mot Tuftene

Dette er fjellstølen til Djupevik. Her stod eitt langt sel som var delt i to. Aksnesgarden hadde eine halvparten, og det vart kalla Aksnesselet. Den andre halvparten nytta Djupevik bruk 1 og 3, og Olav Heimlid kalla den delen Vårt sel.

Plassering i kart

Vegen
Bufarevegen til Tuftene frå Djupevik gjekk om Åsen og rana opp til Blågalden. Så gjekk vegen vidare inn dalen til Tuftene. Vegen var til sine tider bratt, men likevel ein bra stølsveg. Opp rana er han lett å fylgja også i dag, sidan hjorten held vegen open.

Ein god geitestøl
Tuftene var kjend som ein god geitestøl, men han vart også brukt til kyr. Per Otterhjell var to somrar der med kyrne sine. I det høve vart det rydda gangveg gjennom Steindalen, slik at kyrne vart drivne til dei gode beiti på Bjønnstigen. I Tuftene blei det støla til i byrjinga av 1940-talet.

Jakt
Tuftadalen har vorte nytta til meir enn stølsbruk opp gjennom tidene.
Oppe på fjellet mellom Tuftadalen og Heljedalen ligg eitt av dei store fangstanlegga med rundt 120 bogastille og ein stor leiemur ut mot eit stup ned mot Tuftadalen. Bogastilla ligg tett i tett og kan truleg vera frå fleire fangstperiodar. Det er ikkje dyregraver her. Treverk i muren er datert til rundt år 1400.

CC BY-NC 4.0 Tuftene eller Tuftadalen. av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Stadnamngranskinga Anna Vikdal Olav Heimlid