Sidemeny+

Teigastølen

Posted on 11. jan 2005 by in Jordbruk

Teigastølen ligg på Hårklau i Haukedalen, der den tilhøyre garden på Teigene.
Stølen har gått frå forskjellige slekter, heilt fram til 1951 då stølsdrifta slutta og Rune Rørvik overtok. Då hadde det antagelig vore drift der sidan 1800- talet.

Plassering i kart

Store forandringa
Teigastølen er i dag eigd av Rune Rørvik, men garden har ikkje alltid høyrd til Rørvik-slekta. Erling og Olga Rørvik, foreldra til Rune, var dei fyrste i Rørvik-slekta som overtok garden.
Vi har ikkje vidare informasjon om kven garden tilhøyrde før Rørvik-slekta overtok.

Men garden har ikkje berre skifta eigarar, den har også skifta stad. Før 1800- talet låg stølen på seletuftene, som ligg 350 meter vestafor. Seinare blei stølen flytta 250 meter nærmare der stølen ligg i dag.

Stølsdrifta
Stølsdrifta byrja rundt 10 August, der det vidare haldt på ein månad. Ein måtte gå den tunge og bratte vegen opp til stølen både morgon og kveld, og bar mjølk etter kvart mål. Heile buskapen var med på dette daglegdagse gjeremålet.
Når denne månaden var over lagra dei høyet på fjøslemmen om hausten, før dei drog det heim på sledar om vinteren.

CC BY-NC 4.0 Teigastølen av annebritsanderygg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ina Mari Gjerland og Kathrine Høgelid, 2004
Kjelder: www.haukedalen.net Andrine Rørvik
Kommune: Teiga