Svarthyll (Sambucus Nigra) Kapriolfamilien
Eit og anna svarthylltre kan ein sjå i Sandaneområdet, men det er utan tvil raudhylltrea som har forvilla seg mest. Når ein reiser forbi Lote, frå fergekaia og opp mot tunellen, vil ein sjå fleire svarthylltre på begge sider av vegen.
Plassering i kart
Ein innført tresort
Svarthyll er eit tre som finst forvilla langs kysten nordover til Molde, og den veks mest på Vestlandet.
Svarthyll er viltveksande til Danmark og til Sør-Sverige, men hit til landet har det opprinneleg kome som dyrka. Frå gammalt av var det planta ved hus og i hage til pryd og nytte. Hos germanske folk har hylletreet vore heilagt, brukt som tuntre og vettetre. Treet og vettene i det vart oppfatta som vernarar om familiemedlemmane si helse og lukke. Det latinske namnet, Sambacus Nigra kjem av at Sambacus var romarane sitt namn på hyll og nigra betyr svart.
Utsjånad
Svarthyll er ei busk eller eit tre, som kan bli inntil sju meter høgt. Den har mørkegrønne, motsette og finna blad. Småblada er ovale med utdradd spiss og er sagtagga. Blomen har ei kvit krone og ei sterk lukt. Den set i ein slags halvskjerm. Lukta til blomen lokkar til seg mange insekt på lang avstand, sjølv om blomsten ikkje har honning. Frukta til svarthyll er ei blåsvart steinfrukt. Den blir spreidd av fulgar. Treet har glatte, grøne årsskot.
Dei unge skota har ei vid marghole, som i starten er oppfylt av ein ganske lett, lys og tørr marg. Før skumplasten sine dagar, var denne margen nytta til å lage lette småting. Margen vart også nytta til veik i kola (tranlampen), men no er det nok mest brukt til å halde preparat med når ein skal snitte fint til mikroskopering. Ungar laga hyllebørse av årsskota også, dei tok ut margen og fekk eit røyr. Det vart og laga «tobakkspiper av greinene
Bruksområde
Av bæra laga ein syltety. Blomsten er blitt bakt inn i deig-kulinarisk nyting. Hyll har også tilhøyrt skulemedisin sidan Hippokrates, og sikker brukt lenge i folkemedisinen. Han har spela ei stor rolle medisinsk, og i Edda var han nemne som lækjemiddel, så treet var å finne rundt på husa på mest kvar ein gard. Blomen på treet vart nytta til te mot forkjøling, slik som hyllebærsafta, men teen vart også brukt til vanleg drikk.
Svarthyll (Sambucus Nigra) Kapriolfamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.