Straumsnesstølen
Dette var den øvste stølen til Straumsnes. Han ligg til høgre for Straumsnesgrovi, ca 450m.o.h, omtrent midtveges mellom Straumsnes og Straumsnesgrovi.
Plassering i kart
Ein plass var det festa ein streng mellom tre furuer til å halda seg i for å komma over ein hammar. Dette var ovanfor det området der Fresviktunnellen går inn i fjellet. Stølen hadde ikkje vatn i nærleiken, budeiene måtte gå to timar for å henta vatn. Straumsnesstølen vart brukt både som vår og fjellstøl. Stølen var framleis i bruk i 1935.
Straumsnesstølen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.