Straumsnes.
Straumsnes ligg nede ved sjøen rett før tunellen til Feios. Straumsnes høyrde til Borlaug i Feios. Dette er eigentleg ein nedlagd gard som vart oppteken under Leikanger Prestegard og Halland i 1667. Namnet kjem av den sterke straumen i sjøen her. Siste eigaren utvandra til Amerika i 1861. Seinare har garden vorte brukt til støl.
Plassering i kart
I stølsregistreringa i 1935 er det notert at Straumsnes hadde vore brukt som gard til for 12-15 år sidan, men vart no utleigd som vårstøl. Husa sto og vart haldne i stand. .
-
Straumsnes Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved
Straumsnes. av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.