Steinselet i øvre Norddalen
Biletet syner steinselet i øvre Norddalen med utsikt mot Skåndalen. Selet er bygd seinast 1873, då dette årstalet er rissa inn i murpussen inne i selet.
Plassering i kart
Klaus E. Sande la knottaplast og ny torv på taket i fyrste halvdel av 1970-åra. På den tida vart selet berre nytta som naust for den gamle flatbotna trebåten som Olav og Gunnar Dalheim bygde. Frå 1975 hysa det også plastbåten som Klaus E. Sande kjøpte i Longyearbyen, og som han bar opp hit på ryggen, heilt åleine.
På døra ser ein Balestrand Idrettslag sitt poengsamlar-spann.
Hunden, som heiter Bamsina, tilhøyrer Liv Sande.
- Eigar: Liv Sande. Datering: 1992. Fotograf: Gunnar Dalheim.
Steinselet i øvre Norddalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.