Presthilleren
Presthilleren var frå først av ein liten plass der det blir sagt at det budde ein fantefamilie. Dei hadde eit lite barn, og presten måtte oppom og døypa barnet ein gong han var på veg frå preike i Fresvik og skulle attende til Leikanger. Derav namnet.
Plassering i kart
Seinare brukte Njøs på Leikanger plassen som støl. Dei leigde og ei tid ut til bruk i Sogndal. Her stod det eit lite sel og dei nytta Presthilleren like ovanfor selet til fjøs. No er det bygd ei lita hytte på staden der selet stod.
Presthilleren av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.