Øvstestølen eller Øvsta Snytta

Selbøen
Stølen ligg over dei første hamrane, ca 350 m.o.h. Det var oppsett streng på vegen opp til Øvste Snyttestølen, men strengen enda noko nedanfor selet. Dei brukte han til å senda ost og ymse anna nedatt til sjøen.. Dei flytte opp hit frå Nesta Snytta når geitene byrja å trekkja opp mot fjellet.
Plassering i kart
Sela Det siste selet dei hadde låg heilt nederst på selbøen på eit flatt sva. No viser det ingenting etter selet. Selet blei visstnok nedrive og materialen flytt. Øverst på selbøen, ca 5o m over det nederste selet ligg Tuftene. Det er eit par murar etter tidlegare stølshus. Det er og steinmurar rundt selbøen. Stølen var i bruk som vårstøl i 1935. Geitestøl Straumsnes og Snytta vart leigd av bruki oppe i Fresvikåsen men også av andre gardar i Fresvik ei tid. Dei reiste dit med geitene om våren. Dei var først nede ved sjøen, men sidan der var slåttegjerde og graset måtte sparast, flytte dei opp på Øvstestølane litt seinare på sommaren. Seinare reiste dei til fjellstølane. Uver Selet på Øvstestølen heldt ein gong på å bli teke av vinden. Det var kraftig vind og selet byrja flytta seg på murane. Budeiene vart då sjølvsagt redde og villle prøva gå ned på neste Snytta og liggja der. Men dei måtte først over nokre sva som heitte Sleipne-svåi, og då mista den eine fotfestet og rutsja nedover. Ho ropa då til dei andre: No må de helsa kadl, for no fer eg! Til all lukke stoppa ho på ei hylle, og dei andre batt i hop forkledi sine og fekk dra henne oppatt. Dagen etter fekk dei tak i arbeidshjelp og fekk selet på plass att og bardunerte det. Storafurene ligg litt ovanfor Øvstestølen og inn mot Inste Jarva. Her skal det vera murar, men ein veit ikkje om det har vore sel.
-
Selbøen Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved
-
Seltuft Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved
-
Mot Fresvik Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved
Øvstestølen eller Øvsta Snytta av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.