Sidemeny+

Mo- rektor utrydda ulven i Indre Sunnfjord

Posted on 5. jan 2005 by in Dyreliv

Georg Aleksander Wilson, tidlegare rektor ved Mo jordbruksskule, fekk ”æra” for at ulvebestanden vart utrydda frå indre Sunnfjord. Det fekk han fordi han la ut gift ein streng vinterdag på 1870- talet.

Plassering i kart

Folk følte seg trua av ulven
Ulven skal ha vore ein stor plage i indre Sunnfjord fram til 1850- talet. Han var svært nærgåande, og folk følte seg trua. Enkelte vintrar var matmangel eit problem i ulveflokken, og då var det ofte at ulven trakka heilt inn på tunet til folk. Utfallet kunne vere at gardshundane vart drepne.

Utover 1850- talet gjekk ulvebestanden sterkt tilbake og vart nesten heilt borte. I 1870- 80 åra hevda folket at ulven var heilt utrydda, og det gav dei rektor Wilson æra for.

Ulven vart utrydda med gift
Det var ein ekstrem vinter på 1870- talet at Wilson overtalte folket i bygda til å ta med seg ein gamal hest ut i skogen. Der skaut dei hesten i hovudet. Når han var daud la dei inn gift i vomma. Så gjekk dei ifrå han, og kort tid seinare kom ulvane.

Allereie dagar seinare etter vart der observert ulvekadaver, og kadaver vart funne ofte utover våren og sommaren. Etter dette har det ikkje vore observert ulv i Moskogen.

CC BY-NC 4.0 Mo- rektor utrydda ulven i Indre Sunnfjord av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: PTK i Førde
Kjelder: På Folkemunne 2, Villdyrsoger.
Kommune: Moskog