Lind (Tilia Cordata) Lindefam.
Lind høyrer til dei varmekjære trea. Her på Sandane står eit staseleg lindetre i Gotavegen ved det nedlagde telehuset. Her på Vestlandet er nok lind planta dei fleste stadane, men på Åsane innanfor Lote veks dette treet vilt.
Plassering i kart
Lind har eit skeivt hjerteforma blad med taggete rand. Blomsten er
gulgrøn, og er først ♂ før den «skiftar kjønn» til ♀
Midt på sommaren er det mykje honning og god lukt av blomsten.
Det som kjenneteiknar lind om vinteren er knoppar og unge greiner som er raudlege.
Fyrst etter 20-25 år byrjar lind å blomstre.
Fruktene på treet er grågrøne nøtter med 1- 2 frø.Frøa har støtteblad som liknar på vinger.
Nytteverdien av lind
Sjølve treet kan bli opp til 40 meter høgt, og det blir ofte planta
langs gater og i parkar. Dei er fine å sjå på, og kastar mykje skugge. Veden i treet er lett, og har difor vore mykje brukt til protesar, former, trekol og treull. Lind er også fint til treskjering, og i middelalderen blei
lind brukt til å lage helgenbilete av.
Lind var mykje brukt før i tida, det blei til dømes brukt til å lage tau, bast og reip, og det blei fletta grove golvmatter og korger av lindebast. No i desse «moderne» tider, er lind mykje brukt i byar fordi den klarer seg så godt i
forureina luft. Lind har og blitt brukt som medisin. Den blei ofte brukt som eit roande medikament.
Lind (Tilia Cordata) Lindefam. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.