Sidemeny+

Gamle Gimmestad kyrkje

Posted on 17. jan 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Gamle Gimmestad kyrkje

Gamle Gimmestad kyrkje ligg høgt og fritt på sørsida av Gloppefjorden. Her har det vore kyrkjestad heilt attende til mellomalderen.

Plassering i kart

Gimmestad – ein gammal kyrkjestad
Det har vore kyrkje på Gimmestad i mange hundre år. Kjeldene fortel at det var kyrkje då biskop Arne vitja Gloppen i 1308. I mellomalderen var kyrkja kalla Gemlisstada eller Gemblisstada kirkja. Den kyrkja vi veit noko sikkert om, var truleg ei stavkyrkje. Ho vart riven i 1650 av di ho var i dårleg forfatning. I kjelder frå 1652 går det fram at det vart oppført ny kyrkje på Gimmestad, men denne kyrkja bles ned i 1690.

CC BY-NC 4.0 Gamle Gimmestad kyrkje av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marie Selensminde Rygg og Sigurd Netland, 2001
Kjelder: Prenta kjelder: Gamle Gimmestad kyrkje 1692 - 1992. Jubileumsskrift. Sandane 1992.