Brunrot Maskeblomstfamilien Scrophularia nodosa
Denne maskeblomsten veks her og der både i Gloppen og i Eid kommune. Her på Sandane veks planten i Jølet, like ved Nordfjord Folkemuseum.
Plassering i kart
Utsjånad
Kan bli opp til 70 cm høg. Artsnamnet nodosa kjem av det latinske nodus (knoll, knute) Det er knutar på jordstengelen. Snaue blad og stengel nede, kjertelhår oppe. Blomsten er omlag kulerund, grøn krone med brun overleppe. Blomstrar i juli. Trivst best på steinete stadar i skugge. Nord til Finnmark. Valdres opp til 650 moh.
Brunrot Maskeblomstfamilien Scrophularia nodosa av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.