Sidemeny+

Bolsetstølen i tidlegare tider

Posted on 11. jan 2005 by in Jordbruk

I dag er det liten aktivitet på Bolsetstølen, men tidligare var det ein vakker støl med mykje liv. Stølsdrifta vart halde i hevd heilt til 1948, og då hadde stølen lege på same plassen i fleire hundre år. På det meste var det fem bruk som nytta Bolsetstølen og så mykje som 25 kyr beita der.

Plassering i kart

Stølen vart flytta
Går ein langt tilbake, låg Bolsetstølen mellom Sørnipa og Bolsetnipa. Men på gamlestølen var det vindfullt og det var bratt og ufjelgt å ta seg fram dit. Difor vart stølen flytta til andre sida av Sørnipa, til der han ligg i dag. Bolsetstølen ligg 680.m.o.h. og det er gardane på Bolset som har hatt stølen der i all tid.

Turen til stølen var lang
Det er ein lang veg opp til stølen, så det var sett opp mange kviler (benkar). Den første kvileplassen var Reinbotnen, etter det kom dei til kvila på Stavilhammaren, så til Bjørnehammaren og til siste kvila som var Rese. På tre av kvileplassane var det også laga til kviler til hylkjene, slik at dei som bar ned mjølk kunne ha hylkja på ryggen når dei kvilte.

Berit Støylen (fødd på Bolset i 1928) gjekk på stølen frå ho var 12 år. Ho kan fortelje at på den tida gjekk dei med små gummistøvlar med reimer på turen nedover, men oppover gjekk dei barbeint. Under krigen gjekk dei med tresko, men desse var det ikkje trygt og gå ned frå fjellet med. Dei brukte om lag halvanna time på turen opp.

Livet på stølen
På den tida Berit Støylen var budeie var dei fem brukarar som nytta Bolsetstølen, og til saman var det om lag 25 kyr som beita der. Det var mykje mjølk å bere heim att, for alt smøret vart kinna på Grungen meieri. Hylkjene tok om lag 20 liter, men Berit fekk ei hylkje som var på om lag 12-15 liter. På stølen laga dei også rjømaske (rjømaske er surna mjølk som ikkje vart rørt i.)

På sjølve stølen var det tre sel og i kvart sel var 2 jenter. Frå måndag til laurdag gjekk dei heim mellom fjøsstella. ”Hadde det vore no til dags hadde dei ikkje orka å gått opp og ned kvar dag”, meiner Støylen. «Søndagane vart vi igjen på stølen, for då kom det andre folk opp», fortel ho vidare. Søndagen skulle vere ein kviledag for alle, men tid til litt flørting var det sjølvsagt og, skal vi tru Berit Støylen.

CC BY-NC 4.0 Bolsetstølen i tidlegare tider av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Trygve Bolset
Kjelder: Kjell Råd (2002) Støyler i Helgheim sokn.
Kommune: Bolsetstøylen