Bjørnebær Rubus fruticosus rosefamilien
Bjørnebær er ei lita busk som liknar på bringebær både når det gjeld den tornete stengelen og dei steinete fruktene. Veks helst i kyststrok i Sør- Norge. I Nordfjord finn du han mellom anna i Eid kommune.
Plassering i kart
Sjølve planten Bjørnebær er ei busk som høyrer til rosefamilien og liknar litt på bringebær. Skota er tornete og blomsten gjer mykje meir av seg enn bringebærblomsten. Store, fine kvite kronblad som i nokre tilfelle kan få eit raudleg skjær. Bæra er fyrst raude og blir etter kvart heilt svarte med ein syrlig og søt smak, alt etter modningsgraden. Planten er lite utbreidd i Norge og likar seg best i varmt og lunt klima. Kryssar ein bjørnebær med bringebær og loganbær, får ein boysenbær. Bruk Det er god smak på bæra og dei er best om dei er litt overmodne. Bæra passar godt til iskrem, kaker og anna dessert. Blir og brukt til sylte. Planten er og brukt til folkemedisin. Garvesyra som er i blad og blomst, verkar betennelsedempande. Friske blad har såleis blitt brukt på verkebyllar, eksem og kreftsår.Avkok har og vore brukt til å behandle munn- og halsbetennelse.
Bjørnebær Rubus fruticosus rosefamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.