Sidemeny+

Åsen eller Kolåsåsen.

Posted on 9. jan 2005 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved

Utsikt mot Buene

Dette var vårstølen til Kolåsen. Dette bruket hadde Storeryggen som fjellstøl. Dei siste som budde i Kolåsen flytte til Vikdal rundt 1869, men begge stølane har vore brukte etter den tid.

Plassering i kart

Ein vakker plass. I stølsgranskinga i 1935 står det at stølen er i bruk. Stølen ligg oppe på flaten på Kolåsryggen 364 moh. Dette er ein vakker, langflat skogsrygg der furuskogen veks godt. No er selbøen mykje attvaksen, og skogen står tett kring selbøen. Men tidlegare har det vore flott utsikt til alle kantar. Selbøen er ikkje stor og det meste består av store, mosegrodde steinar. Det viser restar etter to bygningar. Den eine er det mest berre grunnmuren att av medan det andre selet har høge murar der framleis nokre halvrotne bord stikk ut. Sela ligg i venstre del av selbøen når ein kjem opp på Åsen, like i skogkanten. Vegen inn til Liastølen viser bra enno og går rett forbi selet og inn lia. Dette var bufare¬vegen frå Djupe¬vikgardane til Tuftene. Den gjekk opp lia frå Djupevik, forbi Gamlestølen og opp til Liastølen, derifrå heller flatt inn til Åsen og så opp Kolåsryggen til han krøkte inn Tuftadalen. Stølsvegen Stølsvegen frå Kolåsen gjekk frå garden og rett opp lia på vestsida av Kolåsryggjen. Vegen var bratt men heller kort. No er han attvaksen og uråd å fylgja. Men det går ein brukbar sti eller hjortetrakk frå hovudvegen opp rana og inn Kolåsryggjen til stølen. Lenge i bruk Etter at busetjinga i Kolåsen vart slutt, var både Storeryggen og Åsen leigd ut til bønder i Fresvik. Stølen var framleis i bruk i 1935.

CC BY-NC 4.0 Åsen eller Kolåsåsen. av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Stadnamngranskinga Anna Vikdal