Vigdalsstølen eller Lundheim
Vigdalsstølen. Denne stølen blir også kalla Lundheim. Stølen blei brukt til både vårstøl og fjellstøl. Han ligg i lia over Vigdalen, til høgre for Galdagilet. Denne stølen vart bygd etter at dei to andre Vigdalsstølane vart tekne at skreder, og han blei brukt like til stølsdrifti vart nedlagd. I stølsregistreringa i 1935 er det notert at stølen er i bruk.
Plassering i kart
Vassmangel Vatn fann dei i ein bekk eit stykke ovanfor stølen, men denne bekken turka av og til vekk, og dei måtte difor ofte spara på vatnet. Anna Vikdal fortalde om ein gong dei måtte flytta kyrne på grunn av vassmangelen. Andreas, Jørgen og Ellend Vikdal hadde alle kyr på stølen. Dei tre kyrne til Andreas og Jørgen flytte dei over elva og let dei gå i Kolåsbakkane, og der var dei borte og mjølka dei kveld og morgon. Men Ellend og Anna hadde berre ei kyr, og den rodde dei til Fresvik. Så gjekk Anna og ei jente som var med ho opp bakkane til Holten og vidare til Svea med kyra. Der skulle ho vera om sommaren. Anna og jenta gjekk heimatt same kvelden, denne gongen om Skar. Her var også budeier, og dei måtte innom og smaka på stølsmaten. Det blei iallfall nok eting på den turen, fortalde Anna. Rekkjevegar Frå Vigdalsstølen gjekk det rekkjeveg etter geitene bort til Snyttestølen, og denne vegen nytta budeiene også rett som det var. Då slapp dei heilt ned til stranda og sparde mykje tid. Elles gjekk det gangveg langs stranda, og denne gjekk heilt ut til Straumsnes.
Vigdalsstølen eller Lundheim av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.