Vårpengeurt (Thlaspi alpestre)

Vårpengeurt
Dette er ein tidleg vårplante.
Plassering i kart
Vårpengeurt er fleirårig. Rosetten med blad står grøn om vinteren. Stengelen som skyt opp tidleg om våren, har ein tett krull med kvite blomstrar. Sidan strekkjer stengelen seg til ein lang fruktstand med kileforma skulper. Frå fjella i Sør-Europa kom vårpengeurt til Tøyenhagen i Oslo, og har sidan 1874 spreidd seg i kunsteng, ved vegar og småskog. No er han vanleg i heile Sør-Norge og nord til Troms. Finst i fjelldalane heilt opp til 1000m. Han blomstrar i april og mai.
-
Vårpengeurt VårpengeurtSvein Jan Hjelmesetcb
Vårpengeurt (Thlaspi alpestre) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.