Sidemeny+

Tyrihjelm eller lushatt (Aconitum Septentrionale)

Posted on 27. des 2004 by in Planteliv

Tyrihjelm treng ikkje mykje lys og likar seg godt under det tette bladdekket til lauvtrea. Rasktveksande plante som kan bli opp til 2 meter høg. Fiolette eller ein sjeldan gong kvite blomster.

Plassering i kart

Tyrihjelm er ei høg, opp til 2 meter, viltveksande plante i soleiefamilien. Planten blir og kalla for torshatt eller lushatt. Han trivst i rasmark, vierkratt og bjørkeskog til fjells. I lag med turt, ballblom, mjødurt, skogstorkenebb og kvitsoleie utgjer han dei frodige høgstaudeengene i fjellet. Blomstane er som regel fiolette, men kan ein sjeldan gong vere kvite eller gulkvite (sjå bilde).

Denne planten har ein heilt spesiell utbreiing. I Norge finn vi han frå Telemark og nordover til Arnøy i Troms. I Nordland veks han heilt ut til kysten, men sør for Tronheimsfjorden finn ein ikkje tyrihjelm lenger vest enn til dei indre fjordstrøk. I Finland manglar denne arten heilt, men han dukkar opp att i Russland aust for Ladoga og vidare gjennom Sibir og til Japan.

Der ein finn tyrihjelm vil ein og mest sansynleg finne lushatthumle. Desse har sansynleg utvikla seg i godt samarbeid (koevolusjon). Det krevst svært lang tunge for å nå fram til nektaren. Berre ei anna humle i Norge, hagehumle, har lang nok tunge. Andre humler forsyner seg og av nektaren, utan å ta del i pollineringa. Dei stikk hol i blomsten og kjem til nektaren utan at dei er i kontakt med pollenberarane eller arret.

Tyrihjelm er temmeleg giftig. Inntak av gifta fører til krampe, lammelse og døden. I gamle dagar vart avkok av tyrihjelm brukt til avlusing ( lushatt). Avkoket vart og brukt til å forgifte åte for ulv og bjørn.

 

CC BY-NC 4.0 Tyrihjelm eller lushatt (Aconitum Septentrionale) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2013