Sidemeny+

Tundalen

Posted on 31. des 2004 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Utsikt frå Tundalsselbøen mot Klepp og Rupeskar.

Truleg har dette vore fjellstøl for folk i Fresvik, men etter kvart flytte dei største gardbrukararene som hadde hest, til Jordalen. Tundalen vart difor fjellstølen til småbrukarane og husmennene. Stølen var nedlagd i 1925. Det skulle vera Gyrid Bjørnetun som var den siste som støla i Tundalen. Sela i Tundalen var mursel. Alle bruk som har stølsrett på Engi har også stølsrett i Tundalen.

Plassering i kart

Namnet Tundalen. Tundalen ligg nær heimestølen Engi. Når Tundalen så skulle nyttast til fjellstøl, så måtte han avstengjast så ikkje beisti på vårstølen skulle trå ut mot fjellstølen og gnaga snautt der før dei flytte. Difor er det truleg at denne dalen har vore avstengd eller inngjord alt i den eldste tida, og difor har dalen fått namnet Tundalen. Framleis viser ein stor mur like før ein kjem fram til sela. Husmannen og brennenesla Rundt selmurane vaks det tidlegare ei mengd brennenesle, og eldre folk fortel om ein gammal husmann som kvar sommar gjekk fram i Tundalen og skar brennenesle, la det i byrder og bar det heimatt, endå det var over ei mil å gå. Brennenesle vart rekna for å vera godt krøterfor, og dei var vane med å gå lange vegar for å få tak i foret. Tomos på Haugen Gamle Tomas Nilsen Hatlelid, Tomos på Haugen som han vart kalla, budde på Heimste Haugen i Tretteteigen. Han hadde sett seg opp eit lite sel i Tundalen, men då han ei tid etter kom framatt i Tundalen var alt rasert og nedrive. Det var dei som misunna han for at han fekk støla so nær, som hadde gjort slikt hærverk. Og det kom ut at det skulle vera tre av bygdas beste menn. Då sa Tomos at han vona dei tre fekk sveitta so av verk, som han hadde gjort av arbeidet med å få opp selet sitt. Han vart visstnok sannspådd, for alle tre skulle få sjukdom og fæl verk i årevis.

CC BY-NC 4.0 Tundalen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Bygdebok for Leikanger bind I Gjertrud Hatlelid