Storeryggen

Eine selet har stått heilt ute på kanten av selbøen med den bratte dalen under.
Stølen vart nedlagd kring 1900. Dette er ein fjellstøl til Kolåsen. Han ligg i Tuftadalen, på venstre sida av Kolåselvi eller Tuftaelvi som ho også blir kalla. Stølen ligg på ein rygg til høgre for Bu-skreda.
Plassering i kart
Tre tufter Ein kan finna tre tufter der no. Det eine selet står heilt ute på ryggen med utsyn ned på fjorden, og her ligg også ei anna tuft attmed ein stor stein. Lenger oppe på selbøen ligg ei anna tuft som er mindre tydeleg. Selbøen ligg noko opp frå elva der ryggen flatar litt ut. Her er snautt, berre lyng og gras, men med flott utsikt både mot fjorden og fjella rundt. Ovanfor selbøen veks høg bjørkeskog, og her går eit hjortetrakk opp på Kolåsryggjen. Vegen opp. Vegen til Storeryggen går langs venstre sida av Kolåselvi opp dalen, ca ein times gange frå sjøen. Vegen er framleis bra tydeleg då han truleg blir mykje brukt av hjorten. Berre under dei bratte hamrane er det vanskeleg å fylgja han sidan her ligg ei mengd med vindfall. Anna Vikdal meinte at det også skulle vera ein sti fram langs høgre sida av Kolåselvi, og eit va over elvi litt oppom Storeryggen. Men når snøen nede i gjelet er vekke, vil det truleg vera vanskeleg å komma over elvi som kjem frå Fossbotn, då her er bratt og mykje svaberg. Fjellstøl Storeryggen var fjellstøl for Kolåsen og var geitestøl. Ein lite pen plass, blir det sagt. I alle høve var det bratt der stølen var plassert og beiti var vel heller ikkje så gode.
-
Eine selet har stått heilt ute på kanten av selbøen med den bratte dalen under. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Selbøen er no dekka av høge bregner Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Høge selmurar ute på kanten. Desse murane kan ein sjå frå vegen nede ved sjøen. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Like bak selmurane ute på kanten ligg restane etter ei anna seltuft. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
Storeryggen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.