Sidemeny+

Stavasagi

Posted on 4. des 2004 by in Arbeidsliv

Foto: Mellomtrinnetall-rights-reserved

Denne hytta var til overnatting både for folk og hestar.

Jon L. Skau bygde Stavasagi i kring 1920. Her skar dei tønnestavar. Det var undervasshjul som var drivkrafti. Det var tunge tak og mykje arbeid å få sagi opp, mellom anna muring av understellet. Ei tid seinare vart sagi flytt noko utover og oppattsett der. Denne sagi låg på bruni der Timmervikgrovi renn nedover.

Plassering i kart

Demningar.
Dei laga 3 demningar tvers over Mulamyri. Dei sette bord og hun tett saman med enden ned i myri, og tetta attåt med mold og torv. Men trass i dette arbeidet reiste vatnet ofte med jordi, so det var ein del vedlikehald.
Når dei skar på sagi brukte dei først opp vatnet i første dammen, så sette dei på neste dam, og slik bruka dei opp vatnet i alle dammane. Når dei vart tome stengde dei alle lukene, og om natta rann vatnet i att. Når dammane vart tome, var det berre å reise heimatt.

Dammen nærast sagi heitte Vesledammen, den andre Midtdammen og den tredje Storedammen. Vesledammen hadde vorte brukt til å samle kvernavatn. Dei som budde på Holten i eldre tid, hadde kvern, og dei mol kornet sitt sjølve. Når dei sette vatnet i dammen på kverni, kunne dei mala ein mæle korn før dammen var tom.

Transport.
Dei byrja å skjera fruktkassar på Stavasagi i 1927. Førststundes spikra dei kassane på Stavasagi, og dei rende då ein kasse om gongen på løypestreng ned til Tømmerviki, derifrå vart dei transporterte med båt. Dei drog kassane på ein dragkjelke ned til strengfura. Men so byrja dei å stopla kassematerialen på sagi, og når han var tørr, køyrde dei han på vegen attmed Mulamyri bort på Juklahjellen.

Tømmerløype.
Frå gamalt av hogg dei tømmeret og køyrde det ned på løypet der gamle Stavasagi var. Men løypet var so bratt at tømmeret slo seg sund skulle dei løypa det. Difor firte dei tømmeret ned med togaline, Der var nokre avsatsar, der la dei tømmeret i lunning. So flytte dei ned til lunningen og firte det vidare. Dei måtte fira det fleire gonger før dei kom ned til «Tømmerlege» ved sjøen.

CC BY-NC 4.0 Stavasagi av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anette Simlenes Tokvam - 2004
Kjelder: Kjelde: Pridla nr 1 2003, artikkel skriven av Olav Otterhjell
Kommune: Stavasagi