Sidemeny+

Springfrø Impatiens noli-tangere

Posted on 29. des 2004 by in Planteliv

Springfrø høyrer til ein familie på over 200, mest eittårige arter. Berre ei av desse artene veks i Norge, og vi finn han i indre Sogn. Heile planten er saftig og dei modne kapslane eksploderer og sender frøa langt avgarde.

Plassering i kart

Utsjånad
Dei fleste artene høyrer heime i varme tropiske strok. Den eine arten som veks i Norge, kan bli opp til 50 cm høg, er saftig og har gule hengande blomstrar. Sjølve blomsten er samansett av 5 kronblad som er samanvokst. Fleire sortar er dyrka som prydplantar, og nokre av desse har forvilla seg i vår natur. Kjempespringfrø (I. glandulifera) og mongolspringfrø. Planten er ein eittårig urt.

Blomstring
Springfrø blomstrar frå juli til september. Blomstrane er frå 3 til 4 cm lange.
Impatiens = utålmodig; noli-tangere = ikkje rør meg.
Blomsten er fyrst hannleg med samanvokste støvbærarar. Disse set øverst i blomsten, slik at pollen dryssar ned på insekt som er innom. Seinare dett støvbærarane av, og fruktemnet med arr overtek. Dette hindrar sjølvsagt sjølvpollinering.
Springfrø har store, tynne, nærmast litt slappe blad. Blada er grovt tanna og set spredt oppover stengelen. Bladomrisset er eggforma. Likar seg i skugge og fukt.

CC BY-NC 4.0 Springfrø Impatiens noli-tangere av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Den virtuella floran