Sidemeny+

Sommareik (Bøkefamilien)

Posted on 29. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Sommareik i blomst

Eik høyrer til dei varmekjære trea våre, så det er ikkje av dei vanlegaste trea vi har rundt oss. Det er garvesyre i veden som er hard, har fint mønster og høver godt til treskjering, parkett ol.

Plassering i kart

Litt om treet
Sommareika er eit edellauvtre med taggete blad og kort stilk som misser blada sine om hausten. Det gjer derimot ikkje vintereika, som står med visne blad heile vinteren.

Blomsten
Hann- og hoblomsten veks på same tre. Då kallar vi treet for sambu.
Om hausten får treet avlange nøtter som ville dyr og fuglar likar godt å ete.

Bruksområde
I gamle dagar brukte folk eika til å lage båtar og tønner. Dette gjorde eit stort innhogg i eikeskogane. Det er sparsomt med eik i Norge idag. No bruker ein treet til golvparkett og treskjering. Eiketrea kan bli veldig gamle og store. Over 1000 år gamle og 40 meter høge. Viss du går inn i Jølet, kan du sjå ei stor eik. Den er 3 meter i diameter og blir kalla Hjelmeseteika.

Denne vesle regelen kan du bruke for å vite kva været blir i år:
«Eik før ask gjev plask. Ask før eik gjev steik».

Kort bladskaft og langt skaft på frukta er
typisk for sommareik (Sjå biletet)

CC BY-NC 4.0 Sommareik (Bøkefamilien) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kjersti Rauset 10a 2005