Sidemeny+

Soleiehov (Bekkeblom) Caltha palustris Marsh-marigold

Posted on 29. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Soleiehov (Bekkeblom)

Bekkeblomen, eller soleiehov som han og vert kalla, finn du fleire stadar i Gloppen. Du kan for eksempel sjå han blomstre i Jølet v/ Nordfjord Folkemuseum, om du er der på rett årstida. Dette er nemleg ein vårblome.

Plassering i kart

Vekseområde
Når våren er her, byrjar bekkeblomen å titte fram. Bekkeblomen blomstrar nemleg frå april til juni. Du finn blomsten i heile landet, spesielt på fuktige stadar. Det vil seie i sumper, grøfter, langs elver og bekkar. Du kan òg finne han lengre mot nord og i fjella. Då er både planten og sjølve blomen mindre. Det er òg mange som dyrkar denne planten i hagen sin.
Den veks sjølvsagt andre stadar enn i Noreg. Du finn han faktisk over store delar av den nordlege halvkule.

Utsjånad
Bekkeblomen kan bli frå 15cm til 40 cm høg. Knoppane til bekkeblomen ser ut som små ballar. Sjølve planten er mørkegrøn og du vil sjå kraftige og saftige stenglar som løfter opp både bladverket og blomstrane. Desse stenglane er tjukke, men hule. Den kan forvekslast med vårkål, men bekkeblomen er kraftigare. Blada er hjarte forma, med taggete kantar. Som resten av planten er ògså blada glinsande. Sjølve blomen består av 5 ganske store, gule kronblad. Frukta til bekkeblomen er belgkapslar. Desse kan bli opptil 2 cm lange. Når det er regnvêr, kan belgkapslane opne seg. Då renn frøa ut og flyt av stad. Når dei hamna på land, byrjar dei å spire. Blomen høyrer til soleie familien og er giftig som mange andre i denne familien. Den smakar og vondt, og det gjer at beitedyr ikkje et den.

CC BY-NC 4.0 Soleiehov (Bekkeblom) Caltha palustris Marsh-marigold av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Matias Urke Myklebust2008
Klassetrinn: 10c
Kjelder: http://no.wikipedia.org http://www.norsknettskole.no http://www.kristvi.net http://www.birkenes.org http://www.mediabasen.no
Kommune: Gota, Jølet