Sidemeny+

Skogstjerneblom Stellaria nemorum Wood Stitchwort (Nellikfamilien)

Posted on 27. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Skogstjerneblom

Blomstrar over heile landet. Midt i mai står denne blomsten klar til å sprette ut her i Gloppen. Det kan sjå ut som blomsten har svært mange kronblad, men det er 5 kvite kronblad som nesten er delt heilt i to.

Plassering i kart

Utsjånad
Dette er ein 5-talsblomst med 5 frie begerblad, 5 djupt kløyvde kronblad, 5 griflar og 10 støvbærarar. Sjølve planten er bleikgrøn og hårete. Stengelen er rund og det er hår rundt det heile. Dei øvre blada er kileforma inn mot stengelen. Støtteblada vert mindre og mindre oppover planten. Begerblada er 6-7 mm lange og kronblada er dobbelt så lange og djupt kløyvde.

CC BY-NC 4.0 Skogstjerneblom Stellaria nemorum Wood Stitchwort (Nellikfamilien) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Kristins flora
Kommune: Grasdalen