Sidemeny+

Skogmarihand Orkidefamilien (Dactylorhiza fuchsii) Common Spotted-orchid

Posted on 14. des 2004 by in Planteliv

Skogmarihand er ein orkide i marihandfamilien. Her i Gloppen kan du sjå han fleire stadar; gjerne i veggrøfta. Det er kanskje lett å forveksle han med brudespore. Som vi veit så er orkideane halvsnyltarar som må få ein del av næringa frå andre plantar, tre eller sopp.

Plassering i kart

Utsjånad
Skogmarihand er mellom dei mest fargerike orkidéane i Noreg. Han har lyst rosa blomar med mørkerosa teikningar og treflika underleppe. Blomane er ordna i lange aks. Skogmarihand kan bli opp mot 60 centimeter høg, og han har mørkegrøne blad med mykje svarte prikkar på.
Skogmarihand høyrer til orkidéslekta Dactylorhiza, som er ein av dei mest rotete planteslektane i norsk flora. Systematikken i slekta er dårleg kjend, og dei fleste artane krysser seg med kvarandre og lagar vanskelege mellomformar. Skogmarihand har ein dobbeltgjengar som heiter flekkmarihand, men denne har færre og lysare blomar og veks stort sett på annan habitat.

Utbreiing
Dette er nok ein av dei orkidéane det er vanlegast å sjå i Noreg. Ikkje berre fordi han er vanleg og lett å få auge på, men også fordi han har det med å vekse i vegkantar. Det er eit kjenneteikn for denne orkidéen som få andre orkidéar tar etter. I tillegg fins han i næringsrik skog og på myrer og kulturmark.
Skogmarihand fins i heile Europa, og heilt nord til Aust-Finnmark. Han veks både i låglandet og i fjellet, men han er sjeldan i sørlege og vestlege kyststrøk. Skogmarihand er ein såpass vanleg og dekorativ orkidé at han er fin å plukke til pynt.

CC BY-NC 4.0 Skogmarihand Orkidefamilien (Dactylorhiza fuchsii) Common Spotted-orchid av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ruben Skinlo 2009
Klassetrinn: 8 c