Selje (Pilefamilien)
Det går mot vår og det er ikkje lenge før selja står i full blomst. Selja er særbu, så det er dei fine gule blomstrane på hanntrea vi legg merke til. Etter ei tid ligg dei fine hanblomstrane visna på bakken under treet.
Plassering i kart
Seljetrea er særbu. Det vil seie at hannblomstrane og hoblomstrane veks på forskjellige tre. Hannblomstrane er dei flottaste. Dei er gule og bustete, medan hoblomsten er grå. Det er ikkje blad når treet blomstrar, og mange kallar seljeblomsteren for: Gåsungar, kattungar, kattelabbar, puselabbar, seljepusar eller pusungar. Kva kallar du dei?
Selja veks raskt og nye tre kjem fort fram.
Her sør i Noreg kan trea bli 5 meter høge.
Barken til treet er glatt og grågrøn når treet
er ungt. Når treet blir eldre, blir han grov,
sprokken og ofte full av lav og mose.
Selja kan du finne i heile Noreg, opp til 1150 moh. For mange år sidan blei blada til selja brukt som dyrefor.
Selje høver godt som emne for seljefløyter.
Selje (Pilefamilien) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.